Organisasjonserfaring – ein grunnmur for sosialismen

Skrevet av Åsmund Kvifte, medlem i Raudt og Raud Ungdom

Det eg skriv her er tankar om taktikk. Det er tufta på observasjonar, ikkje tung statistikk. Det er eit forsøk på å sjå kva som i dag er største hindringa for sosialisme i morgon.

Færre og færre folk er med i politiske parti. Ein stadig mindre del av folket er med i friviljuge lag og foreiningar. Studentmållaget i Oslo hadde tidleg 2000-tal omlag dobbelt so mange medlem som på 1950-talet. Studentmassen er meir enn dobla, og 50-talet var ei dårleg tid for mållaga jamnt over. På Ås avskaffa studentdemokratiet ved NMBU ålmøta frå UMB-tida grunna dårleg oppmøte. Det kom dei siste åra færre på ålmøtet til UMB enn på ålmøta på Landbrukshøgskolen – trass i meir enn dobling av studenttalet. Mange stader er Nei til EU i stor grad dei same i år som i fjor som for tjue år sidan. Det er ikkje einaste organisasjonen som har gråna i håret. Mange unge har ikkje nokon kultur for å vera med i friviljuge organisasjonar. Her ligg største hindringa.

Sosialismen – og endå meir kommunismen – må vera ei utviding av folkestyret, der folk tek styring i eigne liv og eigen kvardag. Det økonomiske livet må inn under folkemakta, og folkemakta lyt folk sjølv forvalta. Dagens representativdemokrati må gradvis vika for eit direkte og deltakande demokrati på alle dei felta folk finn det mogleg. Kva folk meiner må dei sjølve finna ut av gjennom ordskifte. Av og til veit ein ikkje kva ein meiner før eit ordskifte, av og til ikkje kvifor. Ordskiftet tvingar folk til å tenkja gjenom kva dei meiner og kvifor – i alle fall om debatten kan få konsekvensar. Etterpå lyt dei vita korleis dei skal setja meiningane sine ut i live. Det krev kunnskap og vilje til gode kompromiss. Det krev evner å setja opp ein fornuftig framgangsmåte, og organisering for å få gjennomført han. Dette er ikkje eit handtverk som er for vanskeleg å læra, eller eit som lyt lærast i ung alder. Men det er eit handtverk som lyt lærast i praksis.

Arbeidet for eit betre samfunn har difor to sider: på den eine sida lyt me finna ut kvar me skal, og fortelja om målet – på hi sida lyt me alle bu oss alle til ferda. Og denne førebuinga er det viktigaste, for det hjelper ikkje å vita kvar me skal om me ikkje evnar nå dit. Kjersti Eriksson snakka om draumen og kompasset fram til ei betre framtid, og dette må me hava med oss. Men skal me i det heile kunna starta på vegen, lyt me hava gode tursko. For å seia det med fjellvitregelen: «legg ut på turar du er flink nok til» I dag er ikkje Noreg i god nok form til starta turen til sosialisme og kommunisme. Skal me klara å koma i god nok form, må me organisera folk og gjeva dei ansvar, slik at folka i Noreg er flinke nok i organisasjonslære til å styra nærmiljøet, og gjerne òg til direkte og deltakande styring av sjølve riksstellet.

Kvar skal me organisera folk? Eg har freista setja opp fire punkt som handlar om kva organisasjonar som har mest progressiv kraft i Noreg i dag. Punkta er sette opp etter kor tungt-vegande dei er, med punkt 1 som det viktigaste.

1. Ei kvar organisering som ikkje er direkte reaksjonær, er progressiv.

2. Ei organisering der folk tek del, er meir progressiv enn ei der folk er passive.

3. Ei organisering der uerfarne kjem inn, er meir progressiv enn ei som berre har gamle kadre.

4. Ei organisering med eit meir progressivt mål, er meir progressiv.

Hovudproblemet i dag, meiner eg er at folk ikkje er flinke nok i organisasjonslære. Å taka del i organisasjonar er einaste viset å bøta på
dette. Likevel vil det ikkje fremja revolusjonen om lag som SIAN, MIFF og nazist-organiseringar fær fleire medlem – dei er i sitt vesen reaksjonære. All annan organisering vil i minsto læra folk opp til å styra ein liten del av kvardagen sin; det kjem nok ikkje mykje sosialisme ut or eit ølbryggjar-lag, eit spel-lag eller eit lutefisklag, men medlema får røynsler og erfaring. Skal medlema få røynsler, lyt dei taka del. Passive medlem, eller medlem som berre kjem på møte og tilskipingar utan å gjera noko, lærer lite om korleis dei skal styra organisasjonen. Di meir aktivt og levande medlemsd
emokratiet er, di betre er det, for då lærer flest mogleg mest mogleg. Nye og uerfarne medlem er dei det er viktigast å læra opp i organisasjonslære. Gamle kadre kan i regelen ein del, og kanskje er dette nok til å styra samfunnet saman (sjølv om dei som har vore med ei stund har heise mykje å læra òg). Dei nye lærer meir på stuttare tid, og kan so frigjera krefter til meir organisering av fleire folk. Vert fleire flinke nok til å sjølv styra lag og driva lagsarbeid, kan dei starta nye lag og få inn endå fleire. Det lagsarbeidet folk driv, er sjølvsagt heller ikkje uviktig. Hardangeraksjonen har truleg vore ei større progressiv kraft i Granvin enn Ungdomslaget. Ein organisasjon som arbeider for å utvida folkestyret har eit større progressivt potensial enn Turlaget.

Kor progressivt laget er, er like vel det minst vektlagte kriteriet. Er partiet i 2014 dei same tolv

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s