Um Bertellen Ollman sitt Skrift um Karlen Marx sin Bruk av Umgripet Klasse

11009874_403957933130020_1341063135475348445_n
Skrevet av Åsmund Kvifte, medlem i Raudt og Raud Ungdom

I 1968 skreiv Bertell Ollman ein artikkel om Marx sitt klasseomgrep: Marx’s use of »Class». Det er for so vidt spanande for alle oss marxistar som likar klasseanalyse. Kva stod so i artikkelen?

Jau: Marx nytta ordet «klasse» ulikt gjenom livet sitt, men òg ulikt i eitt og same verket. Det at han ymsa innan verket, gjer det sannsynleg at han ikkje ymsa av utvikling, men av at ordet har ulike tydingar, alt etter samanheng.

Om borgarskapet skreiv han: «Dei einskilde danar ein klasse berre si vidt som dei må føra ein sams kamp mot ein annan klasse; Ellers stend dei sjølve innbyrdes fiendtleg overfor kvarandre i konkurransen». (Tyske Ideologien, fritt etter Terje Valen si omsetjing)

Om franske bønder skreiv han: «I det at millionar av familiar lever under økonomiske eksistensvilkår som skil livsførsla, interessene og kulturen deira frå dei hine klassane, og set dei som motmenn mot dei hine klassane, er dei ein klasse. I det at det berre er eit lokalt samkvem desse småbøndene i millom, og at interessene deira ikkje skapar noko samfunn og samhald, noko nasjonsband eller nokor politisk organisasjon, er dei ikkje ein klasse.» (Attande Brumaire, etter Bertellen Ollman, sett om)

Kva ligg i det? Klassetilhøva er dialektiske kategoriar. Dei er motsetjingar innan samfunnet. Arbeidarklassen finst ikkje utan ein motklasse, på same vis som kaldt berre er ein nyttig definisjon om det finst ikkje-kaldt, altso varmt. Det han Bertell seier, er at Marx ikkje nyttar klasse som ei gjevi oppdeling, men som ein prosess.
Klassen vert til i eigen praksis i motsetjing og motseiing til dei hine klassane. Klassen vert ein klasse av di han stend i særskilde tilhøve til andre delar av samfunnet. Då vert han ein klasse for samfunnet. Og han vert ein klasse for seg sjølv, av di han ser sitt særskilde tilhøve til resten av samfunnet, og organiserer seg kulturelt, kanskje òg politisk, etter det.

Dette er ein klassemodell som kan vera nyttig. Klassen vert til gjennom praksis, av motseiingar innan samfunnet. Klassen vert ein klasse for resten av samfunnet i at andre grupper har objektive og materielle interessekonflikar med han. Klassen vert ein klasse for seg sjølv med ei anerkjenning, anten medviten eller umedviten, av desse objektive og materielle interessekonflikane. Klassen for seg sjølv og klassen for samfunnet er to ulike ting, og det treng ikkje vera dei same som er med i klassen for seg sjølv og klassen for samfunnet. Det er ein betre modell enn klassene som gude-/marxgjevne og evige sanningar.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s